På slutten av gudstenesta i dag, sundag, bar Bjørg Vartdal Hareide og Synnøve Overå Hide inn fleire bord med kake i Hareid kyrkje.

Etter gudstenesta tok Hege Tretnes ordet. Ho fortalde at Hareid sokn er tildelt Trusopplæringsprisen 2014. Onsdag var ho og ein gjeng i Oslo og tok i mot prisen. Men dei ville ha heile kyrkjelyden med på feiringa.

Ho fekk fram alle borna i kyrkja som er med på trusopplæringa. Det var ikkje få. Forsamlinga song bursdagssongen, før Tretnes fekk fram Barbro Østrem. Ho rosa Østrem for den flotte planen ho har utarbeidd for trusoppkæringa. Hareid sokn tilbyr no 24 tilbod for born og unge frå 0 til 18 år.

Østrem fekk ein stor blomebukett som takk.

Tretnes fekk også fram Anvor Sukka, Eli Sølvi Jønsson og Ida Teige. Dei fekk ei stor rose og takk for innsatsen i trusopplæringa.

Deretter song borna ein song før heile gjengen kosa seg med kake.