Den siste tida har helse- og omsorgsetaten i Ulstein arrangert to kursdagar om arbeidsmiljø.

– Mange avviksmeldingar frå dei tilsette har gjort at det er viktig å lære meir om korleis me skal risikokartleggje, korleis me skal finne felles toleransegrenser for vald og trugslar, og ikkje minst korleis me skal førebyggje slike situasjonar, forklarer soneleiar Heidi Strand på nettsida til Ulstein kommune.

Føredragshaldar var Ragnhild Garshol frå Stamina. Arbeidet blir no følgt opp i personalmøte ute i avdelingane.