No har eg vaska golvet,

Men eg er tom for ved.

So for å fylle oppatt

må eg rusle ned,

I kjellaren til stabelen,

Og samle meg ei favn,

Medan eg tenkjer på min kjære,

Som snart skal gå i havn.

Men når eg då kjem opp att,

Kva trur dykk då har skjedd?

Minsta står ved peisen,

Og aska liggjer spredd.

Dei eldste sit på stova

Og ser på viaplay,

Mora bit det i seg

Og mumlar sint «okay».

No må eg vaske golvet,

Og bade veslemor.

Og eg må vaske klede,

Med vanish og litt klor.

Badet må óg vaskast,

Det er vatn overalt.

Mor må kjøle hovudet

før sinnet blir verbalt.

No er minsta vaska,

Og kleda heng til tørk.

Eg fyrer opp i peisen,

Med ved av tørka bjørk.

So skrellar eg poteter,

Og dekkar på til mat.

Eldstemor vil hjelpe,

Og vil ta fram nokre fat.

Ho klivrar opp på benken

Før eg får rope «stopp!».

På benken der låg egga

Som vi henta no nettopp.

No havna dei på golvet,

Eggedosis overalt.

Mora trøystar jenta,

Tross ho sjølv er mildt gråtkvalt.

Mor tek tørkerullen

Og plukkar eggeskall.

Og for å holde maska,

So syng ho på ein trall.

Igjen må golvet vaskast,

For siste (?) gong i dag.

Mor kan berre gløyme

Å bake ørten slag.

Når middagen er ferdig,

Set barna seg til bord.

Og synger alle bordvers,

Som er på denne jord.

Når alle er forsynte

spring dei kvar til sitt.

Og mor må då ta oppvasken,

Sjølv om knea no er slitt.

Når kjøkenet er strøkent,

Skal minstemor i seng.

Dei eldste spør om snop,

Sjølv om magen står på spreng.

Mor ber dei pent å vente,

Til minstemora søv,

Og sei at dei kan få litt,

Dersom dei tørkar støv.

Minstemor vil leike,

Men då blir mora streng.

Og fyller opp i senga,

Med alt som jenta treng.

No kan mora kvile,

Sitje 5 minutt i ro.

Men det var kun med tanken,

Før ho såg dei andre to.

No har dei tatt ei bøtte,

Og tatt seg kvar sin klut.

Grønsåpe og vatn

Stende med ein sprut!

«Eg skal ta det herifrå,

de kan ete is.

Men sit då fint ved kjøkenbordet,

Og vennligst ikkje gris!»

Eg tørkar opp og vaskar

der barna ikkje når.

Når isen har blitt spist opp,

Dei nøgde til sengs går.

Mora seier natta,

Og gir dei kyss på kinn.

Men når ho då kjem opp igjen,

Kva trur de då ho finn?

Det golvet som ho vaska,

Er slettes ikkje reint.

Mora ser på klokka

Og tenkjer «det er seint.

Det får vente til i morgon,

Når eg har kvilt meg litt.»

So sløkjer ho alt ljoset

slik ho ikkje ser all skitt.

Å vere mor i jula,

Er slitsomt kan du tru.

Når far er vekk på jobb,

Kan det vere skrekk og gru!

Men lønna som eg får,

Er den beste her på jord.

Klemmar, kyss og kosar,

Og kjærligheit so stor!

Randi Janet Furseth