Det blir markert med ei ny bok der alle nyttårstalane for første gong er samla mellom to permar.

– Å få tak i alle talane var ikkje berre enkelt, seier forfattar Bjørn Magnus Berge til Nynorsk pressekontor.

Han har sjølv vore taleskrivar for tre norske utanriksministrar og har brukt tre år på å samla stoff til boka. Resultatet har blitt ein murstein på 750 sider.

Ein av grunnane til at arbeidet har teke så lang tid er at det var store hol både i arkivet til Statsministerens kontor, NRK, Nasjonalbiblioteket, Riksarkivet og andre. Takka vera ein del gamle aviser – der nyttårstalen tidlegare stod på trykk – fekk han til slutt tak i det han var på jakt etter. Bortsett frå nyttårstalen frå 1948.

- Unik og viktig samling

Berge er overraska over at ingen har samla og sett på nyttårstalane til statsministrane tidlegare.

– Denne talen er den viktigaste talen statsministeren held gjennom eit år, seier han og legg til at nyttårstalen nærmast har blitt ein institusjon.

– Då eg starta dette arbeidet, blei eg difor svært overraska at ingen hadde gjort noko på dette før.

– Meir politiske talar før

Talekjennaren meiner det er stor skilnad på nyttårstalane før og no.

– Dei tidlege talane var meir opplysande og hadde meir politisk substans. Dei løfta meir fram nasjonale initiativ som var viktige for nasjonen. Dette er noko av det som gjer dei interessante å lesa i dag også, meiner Berge.

Han peikar på at talane gjev eit bilete av norsk historie, utviklinga dei siste 70 åra og dei største utfordringane den norske regjeringa har måtta ta stilling til. Ikkje minst synest han det er interessant å lesa nyttårstalane frå 1940- og 1950-talet der frykta for den kalde krigen er svært påtakeleg.

– Talen til Einar Gerhardsen i 1946 åtte månader etter den andre verdskrigen var slutt står også i ei særstilling, meiner han. Dei seinare åra meiner forfattaren at nyttårstalane har blitt meir verdibaserte og generelle.

– Dei har på ein måte blitt meir overordna og snillare.

Talane har også blitt mykje kortare enn dei var før. Frå å vera 18–19 minutt er talane no nede i rundt 12 minutt.

– Det var Gro Harlem Brundtland som sytte for. Ho insisterte på at talane måtte kuttast ned, elles risikerte ein at folk fall frå og ikkje orka høyra på.

Per Borten skal vera den som har halde dei lengste nyttårstalane.

– Nyttårstalane hans var godt over 20 minutt og spekka med politisk substans.

Ifølgje Berge blir det hevda at talane til statsministeren dei seinare åra har blitt meir lik nyttårstalane til kongen. Sjølv meiner forfattaren framleis det er ein skilnad. Han peikar på at kongen har eit privilegium ved at han kan setja søkjelys på ei viktig sak, medan statsministeren ofte må femna breiare for ikkje å støyta nokon.

– Statsministeren ordlegg seg likevel ofte i runde formuleringar. Sjølv om nyttårstalen framleis har ein viktig bodskap, blir han ikkje lenger brukt til å selja inn viktige politiske initiativ eller å problematisera politiske saker på same måten som før.

Taleeksperten synest fleire av statsministrane med fordel kan tillata seg å vera litt meir fargerike i nyttårstalane sine.

– Eg forstår at statsministeren skal vera seriøs, og at nyttårstalen har ein alvorleg bodskap, men nyttårsaftan er trass alt ein festleg dag, seier han.