Førstkomande laurdag kjem Synnøve Skarbø til Strax Bokhandel på Hareid.

Ho har nyleg gitt ut boka "Synnøves system" som handlar om korleis ho har rydda seg lukkeleg. Å rydde handlar ikkje berre om korleis me har det rundt oss. Det handlar også om korleis me har det inni oss. Skarbø fortel om korleis ein kan rydde seg tid til det som betyr noko for oss, anten det er stunder med heile familien rundt kjøkkenbordet, eller bytur med kjærasten eller aleinetid.

Og laurdag kjem ho altså i helikopter for å rydde seg tid til ein formiddag på Hareid.