Tilrådinga går ut på å innarbeide prosjektet i investeringsbudsjettet for 2013.

Følgjande finansiering ligg til grunn:

Bruk av lånemiddel: kr 7.200.000.

Støtte frå Husbanken: kr 4.800.000.

Totalt: kr 12.000.000.

Rådmannen vil ha saka snarast fram for kommunestyret, alternativt under handsaminga av investeringsbudsjettet for 2014.

Bakgrunnen for utspelet er  at kommunestyret i 2010 vedtok å ha busett til ei kvar tid inntil 50 flyktningar som utløyser integreringstilskot. I mai i år vedtok nærings- og miljøutvalet eit oversendingsframlegg der administrasjonen blir pålagd å legge fram ei sak om to bygg i tilknyting til Hareid krins med tilsaman åtte to- og treromshusvære, som skal vere innflyttingsklare innan utgangen av august ... tidshorisonten er med andre ord alt passert.

Situasjonen på bustadområdet i Hareid er no slik at kommunen i det siste har selt eller skal selje  fem eksisterande husvære. Dersom kommunen bygger åtte nye husvære, blir det ein  tilvekst på tre kommmunale utleigehusvære.

Av sakspapira går det fram at ein ser for seg éin firemannsbustad på Skolgemyrane/Plassane og den andre på Pålhaugen. Begge bygga er tenkt i to etasjar.