Statens vegvesen Region-Midt søkjer etter entreprenør til arbeidet med Garneskrysset på riksveg 365. Difor er oppdraget lagt ut som ei kunngjering.

Stor mengd arbeid

Vedlagt i kunngjeringa ligg kunngjeringsteksta som fortel kva oppgåver ein framtidig entreprenør skal utføre i samarbeid med nedlegging av tele og straum – utført av Tussa og Telenor.

I kunngjeringa står det blant anna at 6,891 kubikk stein og 6,981 kubikk jord skal flyttast og handterast. 426 meter rørgrøft skal leggjast i lausmasse. Det skal også opparbeidast ein natursteinsmur på 280 kvadratmeter og setjast opp støyskjerming på til saman 302,6 kvadratmeter. I anbodet ligg også fasadetiltak på fire nærliggjande eigedommar.

I samarbeid mellom Statens vegvesen, Tussa og Telenor skal det nedleggjast heile 4,55 kilometer med trekkjerør for tele og straum. Anbodskontrakten har ei løpetid på 14 månader.

Auka trafikktryggleik

I beskrivinga av anbodet står det at prosjektet i hovudsak omfattar ny rundkøyring som har til hensikt å avlaste trafikken. Det blir også prioritert inn ny belysning som vil gje betre oversikt og auka trafikktryggleik. I prosjekteringa står det også skrive at eit nytt kollektivknutepunkt i Garneskrysset vil gje betre kvalitet til kollektivtrafikken, med ei vegåre frå rundkøyringa og vidare inn på kollektivknutepunktet. På den måten får dei samla busstrafikken på ein ryddig måte.

Anbodet blir opna 19. juni klokka 10.00, med søkjefrist sett til 20. september 2013.