Går du gjennom Kyrkjegata i Ulsteinvik, vil du kjenne ein eim av nybaka brød. Bakargarden opnar i dag.
Bakartradisjonane sit i veggene i Rasmussen-tunet i Ulsteinvik. Med eit avbrekk frå 1990-talet, har det vore drive bakeri i bygningane heilt sidan 1880-talet.
Under det nyetablerte namnet “Bakargarden” har Sissel Kleven Rasmussen tatt opp att tradisjonen. I det første bakeriet er både vegger, golv og den gamle steinomnen restaurert. I tillegg er det reist eit nytt bygg med toalett og stove med store glasruter. Til sommaren vil dei nye bygningane, saman med hovudhuset, danne eit koseleg tun for folk som vil sitje ute.
Men no er det vinter, og dagleg leiar Sissel Kleven Rasmussen og kjøkkensjef Ann Cecilie Utgård har fokus på kaféen der Farmors Krambod var den siste leigetakaren.
Bjørkeveden ligg fint opptira, og peisen skal fyrast opp. På kjøkkenet er den gamle eltemaskinen til bakar Thor Alvestad på Hareid restaurert og installert, og Ann Cecilie har elta, sett til heving og steikt bakverk til langt på natt.
Lunsj i sentrum
Under slagordet “lunsj i sentrum” satsar dei to kvinnene på at folk skal kunne stikke innom for å kjøpe ferdig påsmurt mat, dagens lunsjrett eller kjøpe med seg nysteikte bakarvarer heim.
– Vi kjem til å ha ein “dagens”. Det vil variere mellom suppe, salat og pastarettar, fortel Sissel Kleven Rasmussen.
I tillegg blir det påsmurde sandwichar, baquettar og rundstykke å få kjøpt.
Der blir godt med sitjeplassar, også sofa, og folk kan ete maten i Bakargarden, eller kjøpe med seg heim.
– Folk som går ut til lunsj har ikkje så god tid, og vi satsar derfor på kort serveringstid, forsikrar Ann Cecilie Utgård.
På drikkemenyen står eplemost, presskannekaffi, vanleg filterkaffi, te og varm sjokolade.
Samarbeid med Westre
Bakargarden har også inngått eit samarbeid med Westre, som for nokre år sidan dreiv utsal og kafé på Hareid. Westre-familien, som har drive bakeri i fem generasjonar, selde for 2,5 år sidan bakeriet. Men i september i år kjøpte familien det tilbake.
– Vi har mange kundar frå Hareid og Ulstein som ringjer for å kjøpe kaker hos oss. Men når vi seier at dei må hente kakene i utsalet vårt i Ørsta, synest dei turen blir i lengste laget. No kan kundane hente kakene her i Bakargarden, fortel Annette Westre.