* Hanne Notøy (1971, Ulstein) har 10.-plassen på Arbeidarpartiet si liste.

* Rolf-Magnus Hjørungdal (1991, Hareid) har 6.-plassen på Piratpartiet si liste.

* Kristine Trulsrud Røren (1947, Ulstein) står på 10.-plass på De Kristne si liste.

* Oskar Jarle Grimstad (1954, Hareid) er allereie stortingsrepresentant, og har som ved sist val 2.-plassen på Framstegspartiet si liste.

* På Venstre si liste finn vi Pål Midtsæther Grødahl (1971, Ulstein) og Gunn Berit Gjerde (1954, Hareid) på høvesvis 13. og 15.-plass. Gjerde har tidlegare vore stortingsrepresentant (møtte som vara) for same parti.

* Heidi Irene Strand (1959, Ulstein) har 12.-plassen på Høgre-lista.

* Randi Winther Moe (1953, Hareid) står på Rødt-lista sin 8.-plass.

* Kjersti Røyset Topphol (1959, Hareid) har 14.-plassen på Kristeleg Folkeparti-lista.

Vi kan også ta med at Øyvind Grimstad Gryt (1979, frå Hareid men busett på Emblem) er sett opp på 3.-plass på Miljøpartiet De Grønne si liste.

Verken Sosialistisk Venstreparti, Kystpartiet, Senterpartiet eller Demokratane i Norge har lokale representantar på sine lister.

Hanne Notøy (Ap)
Pål Midtsæther Grødahl (V)
Heidi Strand (H)