I alt 12 lam kan vere drepne av rev i Hallebygda ved Larsnes. Det melder avisa Vestlandsnytt.

Saueeigar Naria Nupen fortel til avisa at dei har funne beinrestar etter i alt seks av dei 12 lamma som er sakna etter å ha gått på beite i utmarka. I tillegg har sambuaren til Nupen observert ein rev i området.

Rovviltkontakt i Statens Naturoppsyn, Alv Ottar Folkestad, stadfester at mykje tyder på at det er ein rev som har vore på ferde.

- Sjølv om det i utgangspunktet ikkje skal finnast rev her ute på øyane, kan det likevel finnast nokre streifdyr, seier han.

Folkestad fortel at lammekadavera har teikn på at det er rev som har vore på ferde, sjølv om både havørn og kongeørn har vore med på dele byttet.

Han trur ikkje at reven har symt over fjorden eller har trassa vilsperra i Eiksundsambandet og labba gjennom tunnelen.

- Det er ikkje utenkjeleg at reven er etterkomar av rømlingar frå ein revefarm. Også desse kan ha raudaktig pels, slik det er repportert om i dete tilfellet, seier Folkestad.

Reven kan i alle fall gå utrygge dagar i møte, då det er gitt fellingsløyve for dyret.