Førre veke fløymde det over fleire stader i Gudbrandsdalen og vidare nedover Austlandet. Kvam i Oppland var den bygda som vart verst råka. I tillegg er det registrert fleire skader på jernbanelinja i Gudbrandsdalen. Aurvoll og Furesund AS er i full sving med å rydde og reparere.

Underentreprenør

Dagleg leiar Eivind Berge i Aurvoll og Furesund fortel at dei fekk førespurnad frå maskinentreprenør J.O. Moen på Åndalsnes, som har service- og vedlikehaldskontrakt med Jernbaneverket.

– J.O. Moen kontakta oss for å høyre om vi hadde kapasitet til å ta på oss ein del av jobben. Vi kasta oss rundt og sendte ei gravemaskin, ein lastebil med hengar og ein tippsemi til Hundorp i Oppland. I tillegg ordna vi transport på ei maskin for J.O. Moen også. Vi var ein av dei første som stod klar til å jobbe der nede, fortel Berge.

– Heilt forferdeleg

Aurvoll og Furesund jobbar i dag med ei jernbanestrekning på om lag ein kilometer. På denne strekninga er jernbanen skadd på 60 plassar. Tilsett, Bjørn Inge Nesset frå Snipsøyrdalen på Hareid, er ein av dei som den siste tida har jobba med jernbanen.

– Det er forferdeleg der nede. Det er også mykje å ta tak i. Først måtte vi lage vegar til jernbanen slik at vi kunne kome til med maskiner, lastebilar og jernbanepukk. Jernbanepukken blir henta av bilar aust for Hamar, opplyser Nesset.

Han legg til at arbeidet med jernbanen spesielt, hastar veldig.

– All gods- og persontransport med jernbanen på denne strekninga er stogga. Så difor var det nødvendig at vi kom til å fekk byrje arbeidet rimeleg raskt. Vi er sikra arbeidet her fram til helga i første omgang. Då hentar vi mannskap og maskiner heim. Kanskje ein av bilane blir att der nede for å hjelpe til, avsluttar Nesset.

– Det er mykje arbeid. Store delar av jobben har vore å lage anleggsvegar fram til jernbanesporet, fortel Bjørn Inge Nesset. Foto: Bjørn Inge Nesset
All mengda med vatn har vaska vekk grunnen til jernbanesporet. Foto: Bjørn Inge Nesset