Vi kan like det eller ikkje, men kvardagen er på veg tilbake. Måndag startar eit nytt skuleår, sommarferien er definitivt over og vi har så smått landa igjen etter VM-gullet i London. Gullet var ein skikkeleg opptur og gav oss ein grunn til å smile, småprate, ete kake og vere stolte av bygda.

Truleg går mange inn i kvardagen igjen med nye draumar. Mange vil drøyme om å gjere det nesten umoglege, få oppleve noko av det som Karsten opplevde. Diamanten frå Dimna viste at det er mogleg å verte best i verda, sjølv om du kjem frå ein liten klubb som Dimna IL. 43 år etter at klubben vert stifta snakkar ein om Karsten-effekten: friidrettsklubben har større pågang enn dei klarer å ta unna.

400 meter hekk er ei individuell øving, ja, men likevel var ikkje det eit one man show. Bak ligg ein enorm innsats frå fleire enn utøvaren. Gullet var ikkje berre ein siger for Karsten Warholm. Det var også ein siger for frivillegheita, særleg for dei mange som brukar fritida si i Dimna IL. Dei som engasjerer seg kveld etter kveld, år etter år. Heldige er borna som kjem i kontakt med miljøet i Dimna IL, som etter resultata å døme må vere både klokt og pedagogisk.

I laurdagspraten møter du ein av dei som har lagt ned ein stor innsats gjennom mange år i klubben. Arve Hatløy seier at han gjennom tretti år som trenar aldri har sagt til nokon at dei må slutte med friidrett fordi dei manglar talent. Det er ikkje alle som kjem til å verte noregs- eller verdsmeister. Faktisk er det svært få, nesten ingen som blir det. Hatløy meiner at det viktigaste for Dimna-utøvarane er å konkurrere mot seg sjølv, setje personlege rekordar.

Og slik er det kanskje i kvardagen også? Å finne balansen mellom draum og realisme.