Måndagskvelden vedtok styret i Ulstein Eigedomsselskap KF samrøystes at bustadhuset som står nedanfor Ulsteinvik barneskulen skal rivast.

– Var det mykje diskusjon om huset skulle rivast?

– Nei, det var i grunnen lite diskusjon, svarer Rune Urke, dagleg leiar i UEKF.

Han seier at styret såg det som hensiktsmessig at Ulsteinvik barneskule får utvida areal til parkering og uteområde.

Har vore utleigd nokre år

For nokre år sidan kjøpte Ulstein kommune tilleggsareal på nedsida av Ulsteinvik barneskule. Løa vart fjerna, men bustaden fekk stå.

UEKF tok over bustaden, og har fram til no leigd han ut til utanlandske gjestearbeidarar. Men no har arbeidarane reist heim, og etterspurnaden etter slik utleige har gått ned.

Urke skreiv at om bustaden skal leigast ut til familiar treng han ei stor oppgradering. Han er ikkje sikker på kor mykje det vil koste, men trur det vil koste «mange hundre tusen». Å rive huset vil koste 200 000 kroner.

Parkeringsplassar og leikeplass

Den tidlegare parkeringsplassen som tilsette ved Ulsteinvik barneskule brukte til parkering, har gått med til bygging av Ulstein Arena.

Det er teikna inn nye parkeringsplassar på nedsida av barneskulen, men då må huset rivast for å få etablert parkeringsplassen som han er tenkt. Det blir også ekstra plass til leikeområde til skulen ved riving av huset.

Kjenner seg naiv

Då Ulstein kommune reiv løa prøvde formannskapsrepresentant og kommunestyremedlem Lisa Mari Breivik Anderson (Senterpartiet) å stoppe rivinga, utan hell. Ho meinte at løa kunne ha vore ein ressurs dei kunne ha nytta i undervisninga på barneskulen.

– Eg fekk lovnad frå administrasjonen at om det var aktuelt å rive bustadhuset, ville det først kome til politisk handsaming, fortel Anderson.

Ho vart både skuffa og overraska då ho fekk vite at styret i UEKF samrøystes vedtok å rive huset. Dette skjedde måndagskvelden, og skal ikkje vidare til politisk handsaming.

No kjenner Sp-representanten seg naiv som stolte på at ho ville få vere med i prosessen om ei eventuell riving av huset.

– Fjernar all gamal bebyggelse

– Det eg synest er verst er at Ulstein kommune fjernar all gamal bebyggelse i Vik, utan at det skal behandlast politisk. Først lovde dei å kome til politikarane dersom riving, eller ei anna drastisk endring skulle skje på Vik-garden, seier Anderson oppgitt.

– No skal altså huset også rivast, liksom utan at nokon bryr seg. Det er trist, og får meg til å tenkje at administrasjonen lovar ein ting og gjer noko anna.

Kan ikkje hugse ein slik lovnad

Rådmann Verner Larsen kan ikkje hugse å ha gitt nokon slik lovnad, korkje då kommunestyret vedtok å kjøpe tomta hausten 2014, eller då løa vart rive sommaren 2015.

– Men i utgangspunktet var det klart då huset vart kjøpt at om det skulle brukast til bustadformål måtte det totalrenoverast, seier Larsen og kommenterer at huset er plassert som det er.

Han legg til at det kan ha blitt sagt at huset kunne bli tatt i bruk mellombels. Men rammene til UEKF er som dei er, og det var nok ikkje aktuelt å bruke pengar på å setje i stand huset.

– Så du kjenner det ikkje som du har sprunge frå nokon lovnad?

– Nei, og eg kan ikkje hugse at bustadbiten vart diskutert, seier Larsen og påpeiker at styret i UEKF er eit politisk valt styre som er underlagt kommunestyret.