Før advokat Lars-Henrik Windhaug starta på sjølve sluttprosedyren sin i Lagmannsretten fredag, nytta han sjansen til å kome med denne uttalen:

- Ulstein kommune brukar skattebetalarane sine pengar til å reinvaske seg.

Det var ein uttale som administrator Dag Brathole gav han korreks for.

- Dette er ei utsegn som er litt utanfor det vi skal snakke om her i dag, varsla han.

Deretter gjekk Windhaug i gang med sjølve prosedyren.

Han tok utgangspunkt i at problema til  Glen Børge Løset Flø starta ved Hasund skule alt  våren 1996. Windhaug meiner han har belegg for denne påstanden i eit brev frå ein lærar ved skulen.

Var kommunen si tilnæring av mobbinga mot Flø tilstrekkeleg?, spurde Windhaug, og prosederte på at det er skriftleg prov på at det var ei negativ utvikling ved skulen hausten 1998.

I eit brev skriv far til  Glen Børge eit brev om at skulesituasjonen var inne i ein negativ spiral, og at han meinte det var fornuftig å gripe inn.

-  Hadde det ikkje vore fornuftig å gripe inn tidlegare. Det hadde  ikkje vore bra før dette heller, sa Windhaug, og la til:

- Det er gjort for lite, for seint. Burde vore sett inn tiltak våren 1996, då far til Glen Børge påpeikar problemet for første gong.

Allereie i 1996 har Glen Børge stått fram som ein sårbar elev. Kvifor vart ikkje PPT kopla inn då, og ikkje før i 1997, etter initiativ frå foreldra. Og kvifor gjekk det ni månader før rapporten frå PPT kom. Og kvifor følgde ikkje PPT opp etter at foreldra hadde vore på oppstartmøte med psykologen? spurde Windhaug.

Windhaug kom så med ei rekke skildringar av korleis Glen Børge hadde blitt mobba i oppveksten både psykisk og fysisk.

- Der blir det skildra mange kjenneteikn på mobbing, utan at begrepet mobbing blir brukt. Heller ikkje i ein rapporten frå PPT er begrepet mobbing brukt. Sjølv om dei visste kva mobbing var, sa Windhaug.

Fråvær av tiltak mot plagarane

Windhaug gjorde også eit poeng at det ved skulen var gjennomført få tiltak mot dei som plaga/mobba Glen Børge Flø.

- Det vart gjort litt, men det var stort sett innkalling til rektors kontorfor litt refs. Lite reaksjonar, berre litt fy-fy. Noko som ikkje er i tråd med mobberettleiaren.

- Skulen kan klandrast for å ikkje ha ein skikkeleg tiltaksplan mot mobbing frå 1995. Hadde det ikkje før i 2000, sa Windhaug. skulen innsåg aldri omfanget av mobbinga.

Familien har heile tida vore ein pådrivar for at guten skal få hjelp.

KS-advokat Øyvind Reinslo har prosedert på at Glen Børge Løset Flø har diagnosen ADHD, og at Ulstien kommune ikkje kan lastast for dette.

Advokat Lars-Henrik Windhaug meiner denne diagnosen er feil, og at dei to som har vore sakkunnige i Lagmannsretten ikkje er ekspertar på ADHD.

- Men om det skulle vere slik at Flø berre har ADHD, så ville skaden til Løset Flø ikkje vere så stor som den er i dag. Han har fått ein skade av mobbinga. Mobbinga har vore ei traumatisk livshending som har gitt han diagnosen PTSD (posttraumatisk stress syndrom) eller noko anna.

- Kommunen har ikkje klart å sannsynleggjere at der ikkje er noko anna.

Erstatning må utmålast med VMI, varig medisinsk invaliditetsgrad, så høg som mogleg. Vi meinr at Ulstein kommune har eit solidaransvar for følgeskadene til Flø.

Flø har gått ned frå 2 millionar kroner til 1,7 millionar kroner i erstatningskrav. Frådrag frå det opprinnelge kravet på kostnader for opphaldet ved Krokeide spesialskule.

Advokat Windhaug meinte at bevisbyrden til Ulstein kommune ikkje var god nok.

Dette avviste KS-advokat Øyvind Renslo.