Kvadratmeterprisen på einebustader i Hareid kommune har hatt ein auke på kun 15 prosent dei siste fem åra. Det er ein del svakare enn landsgjennomsnittet.

Kvadratmeterprisen for einebustader i Hareid kommune har auka frå 10.707 kroner den 1. januar 2009 til 12.339 kroner ved inngangen til 2014. Det er altså ein auke på 1.632 kroner per kvadrat i løpet av denne femårsperioden. Det gir ein auke på 15,2 prosent, noko som er ein klart mindre auke enn kva vi ser på landsbasis. I forhold til utviklinga i Møre og Romsdal, er veksten enda svakare.

Auken i Møre og Romsdal

Den nyaste bustadprisindeksen til Statistisk sentralbyrå fortel at gjennomsnittsprisen for heile Noreg var på 20.780 kroner per kvadratmeter den 1. januar i år. Tabellen som viser utviklinga frå fem år tilbake vitnar om ein vekstpå 4.324 kroner pr kvadrat - eller 26,3 prosent.

I Møre og Romsdal har det vore ein auke på 3.500 kroner for kvar kvadrat, som vil seie ein vekst på knapt 28 prosent. Det er Giske kommune som har best utvikling i Møre og Romsdal, med eit hopp på heile 54 prosent, etterfølgt av Rauma med 45,7 prosent auke. I den andre enden av skalaen her i Møre og Romsdal kjem Surnadal kommune, som har ein auke på berre tre prosent.

Minst ti sal

I Ulstein kommune har snittprisen per kvadrat gått opp med 2.957 kroner, og var på 15.481 per m2 ved årets inngang. Det er opp 23,6 prosent på dei siste fem åra, noko som og er mindre enn ”normal auke”.

Ein kommune må kunne skilte med minst ti omsetningar av einebustader i løpet av begge åra som er samanligna her. Elles blir grunnlaget naturleg nok for tynt til å måle utviklinga. Det er også viktig å vere oppmerksame på at statistikken er ein prisindeks, som ikkje nødvendigvis fortel det ”riktige” prisnivået i ein kommune. Det kan vere store ulikskapar i standard og storleik på dei omsatte einebustadene frå det eine året til det andre, og dette kan påverke tala i indeksen i stor grad. Ein skal derfor vere svært varsame med å slå fast for mykje i mindre kommunar med få omsetningar. Peikepinnen veks i takt med mengda sal, og vil vere meir treffande i større kommunar.

Best på vekst

Heilt nøyaktig er det 245 kommunar av 428 som kan vise til minst ti omsetningar begge åra. SSB baserer tala sine frå finn.no sine prisrapportar. Her framkjem det også relevant informasjon, som eigarform og P-rom.

Den aller største veksten i Noreg hadde Brønnøy kommune i Nordland, kor indeksen viste ein auke på heile 89 prosent. Blant desse 245 kommunane kjem Hareid nede på 183. plass på ”veksetoppen”, og Ulstein på 128. plass. Det blei selt 14 einebustader i Hareid i 2008, mens det i fjor gjekk 31 einebustader under hammaren her, viser SSB-tala. I Ulstein var tala utrekna på bakgrunn av 44 selde i 2008, og like mange fem år seinare.