I løpet av fyrste halvår i 2014 har det legemelde fråværet blant norske arbeidarar gått litt opp både blant kvinner og menn. Ein titt på dei lokale tala viser at spesielt menn frå Ulstein har hatt større auke i denne perioden.

Dei siste fråværstala frå Statistisk sentralbyrå viser at 4,5 prosent av alle avtalte dagsverk i Ulstein kommune gjekk tapt på grunn av sjukemeldingar. Samanlikna med Ola og Kari Nordmann er dette nokså lågt - då det legemelde fråværet i Noreg for tida ligg på 5,2 prosent.

I Hareid kommune var fråværet på 4,8 prosent.

- For høgt

Fråværet dreier seg om alle sysselsette som er busette i kommunen,  om dei jobbar i privat eller offentleg sektor.

- Etter fleire år med nedgang, har sjukefråværet no heldt seg på om lag det same nivået i eitt år. Det er framleis for høgt, og det er derfor viktig at alle partar fortset arbeidde med å redusere det, seier arbeids- og velferdsdirektør Joakim Lystad.

Då IA-avtalen blei innførd i 2001 var det med eit mål om å redusere sjukefråværet med 20 prosent i Noreg. Det har ein ikkje klart, all den tid fråværet berre har gått ned med ti prosent.

- Målet om 20 prosent reduksjon er vidareført i ny IA-avtale, fortel Lystad.

Utviklinga i Ulstein

Det legemelde fråværet i Noreg har hatt ein aldri så liten auke på 0,1 prosentpoeng det siste året. I Ulstein kommune har det dessverre vore ein noko større vekst, og dei lokale tabellane viser at fråværet har gått opp med 0,3 prosentpoeng her.

Det er store sesongvariasjonar i sjukefråværet frå kvartal til kvartal. Derfor blir utviklinga samanlikna med tal frå same tid året før. I Hareid kommune har fråværet gått ned 0,2 prosentpoeng det siste året. Sjukefråværet i Møre og Romsdal ligg på 5,3 prosent, som er 0,2 prosentpoeng meir enn for eitt år sidan.

Auke dei fleste stader

Sjukefråværet har auka i nesten alle fylke. Størst vekst er det i Aust-Agder med 0,4 prosentpoeng, etterfølgt av Vestfold med 0,3 prosentpoeng. I fire fylke har sjukefråværet gått ned. I Hedmark, som har den største nedgangen, har sjukefråværet blitt redusert med 0,2 prosentpoeng samanlikna med i fjor.

Store kjønnsskilnader

- Kvinner har eit langt høgare sjukefråvær enn menn og forskjellane er aukande, melder Lystad.

I andre kvartal var sjukefråværet blant norske kvinner på 6,9 prosent, og på 3,9 prosent for menn. I Ulstein ligg kvinnene på 6,5 prosent og mennene på 3,3 prosent fråvær. Delen i Hareid er på 6,7 prosent for kvinnene og 3,5 prosent for mennene.

- Sjukefråværet har auka for både menn og kvinner i Noreg. Størst er auken blant kvinner i alderen 45-49 år, fortel han.

I Ulstein kommune har fråværet blant kvinner gått ned 0,2 prosentpoeng det siste året, mens mennene har ein auke på heile 0,7 prosentpoeng. Tilsvarande har fråværet blant kvinner i Hareid gått ned 0,1 prosentpoeng, og blant mennene ned 0,3 prosentpoeng.

Psykiske lidingar

Psykiske lidingar blir stadig meir vanlege blant sjukemelde, og kvar femte fråværsdag skuldast ein slik diagnose. Det er mest vanleg blant kvinner. Høgast førekomst har kvinner i aldersgruppa 40-49 år, der én av fire sjukefråværsdagar skuldast ei psykisk liding.