Helse Møre og Romsdal er inne i ein svært utfordrande prosess, der føretaket må kutte på grunn av anstrengd økonomi. Under eit møte 11. juni gjorde styret i Helse Møre og Romsdal eit vedtak om å redusere den kirurgiske sengeposten i Volda til ein femdøgnspost. Ei redusering som potensielt kan få store ringverknader for helsetilbodet til heile regionen. Dette får formannskapet i Volda, med ordførar Arild Iversen (KrF) i spissen til å tenne på alle pluggar.

Sender brev til Høie

Volda formannskap sender difor no eit brev til Helse- og omsorgsminister Bent Høie (H). I brevet gjer dei greie for kva dei meiner om saka. Det var Sunnmørsposten som først skreiv om dette brevet.

- Volda formannskap finn vedtaket å vere i strid med statsråden sitt klare signal i november 2013, der regjeringa lova å stoppe nedleggingar av akutt- og fødetilbod som ikkje er grunngjeve med tryggleik for pasientar og kvalitet, står det å lese i brevet til helseministeren.

Den tydeleg kontroversielle reduksjonen til femdøgnspost var i følgje formannskapet ikkje på førehand drøfta med pasientar, tillitsvalde eller kommunane i regionen.