Salmar sine planar om lakseoppdrettsanlegg mellom Brandal sentrum og Kvitneset fekk saftig motbør under informasjonsmøtet på Ishavsmuseet torsdag.

Etter at klappsalvane hadde følgt samtlege innlegg frå salen, kunne Finn Sindre Eliassen avslutte den godt over totimar lange seansen med ein appell om at fjorden måtte få ligge der til brukfor alle. Og han minte behendig om at dette var gratis. Det var noko ein kunne få til utan å måtte gå inn med kommunale investeringar.

Eliassen kjende seg sikker på  at Salmar no var fullstendig klar overmotstanden i bygda og at dei innsåg at dei burde starte arbeidet med ei anna lokalisering.– Droppar dei planane, vil det ikkje vereeit nederlag, men selskapet til ære, sa Eliassen.

- Hareid har ikkje plass

Før dette hadde Einar Holmmeint at Hareid hadde svært lite strandlinje igjen som kunne høve til slikeoppdrettsanlegg. Han kjende seg overtydd om at Salmar ikkje ville dytte på einkommune og ei bygd dette anlegget – og håpte vidare at det no vart umuleg forpolitikarane å seie ja til planane.

– Vi får takke Salmar for at dei bryddeseg om å sjå på Hareidlandet. Lykke til vidare, men vi har ikkje plass til dette, sa han.

Allemannsretten viktigast

Leiar i Hareid Fiskarlag Bernt Brandal var den som slosterkast på stortromma i det han streka under at dette først og fremst galdt allemannsrettentil sjøs. Ikkje berre var tilgangen til fjorden viktig for folk si helse og velferd. Det var også viktig for næringsinteressene,dei som hausta hummar og elles dreiv med ulikt fiske.

Fiskarlagsleiaren var den første som bad Salmar trekke søknaden.

- Hadde du eit spørsmål?

Ordførar Anders Riise hadde ei tid problem med å stagge folksom ville ytre seg. Han presiserte at dette først og fremst skulle vere eit informasjonsmøteder folk kunne stille spørsmål. Men han måtte fleire gonger inn og stagge folk med "ditta va eiytring, det skulle vere spørsmål”.

Då Øystein Alme tok ordet om situasjonen i Almestranda,medan akvakulturrådgjevar Cecilie Flatnes frå fylkeskommunen var på podiet,kommenterte ho smilande til  innlegget: - Hadde dueit spørsmål?

Innleiarar på møtet var – i tillegg til nemnde Flatnes:Planleggar Signe Kanstad frå Hareid kommune og Ingjarl Skavøy frå Salmar. Skavøyhadde eit langt og informativt foredrag om både Salmar sine aktivitetar og omutviklinga innan havbruket generelt, medan Kanstad i hovudsak snakka omsaksgangen på kommunalt nivå. Ho viste til at områda for havbruk er fastsettei kommuneplanen og at denne ikkje kan ventast å bli rullert før i neste kommunestyreperiode.

Mellom tilhøyrarane var det ikkje berre bygdefolk frå Brandal, men også mange av dei som eig hytter i Almestranda.

Ingjarl Skavøy frå Salmar heldt eit godt og informativt innlegg (som han faktisk fekk sterkt applaus for), men vart nok betenkt over den saftige motstanden Salmar-planane møtte.