Den tradisjonsrike Trebaatfestivalen byrjar i år 14. august, og varar fram til 17. august. Det blir disco- og partymusikk når Benedicte Adrian og Partymix speler opp til dans laurdagskvelden under festivalen. Adrian er nok mest kjent for samarbeidet med Ingrid Bjørnov i "Dollie de Luxe", og gruppa fekk mellom anna Spellemannprisen i opa klasse i 1987. Adrian har også vist seg som ein dyktig soloiartist i fleire år, og har sunge i Den Norske Opera og samarbeida med Jan Werner og Kåre Conradi.

- Gler meg til å komme tilbake

Benedicte Adrian var berre på ein snarvisitt i Ulsteinvik torsdag, men gler seg allereie til å returnere i august.

- Eg gler meg veldig til å komme tilbake til Ulsteinvik. Det er ein festival eg har høyrt mykje om, og eg ser fram til å oppleve folkelivet og sjå alle dei fine trebåtane her. I min familie hadde vi ein liten trebåt, men den blei ikkje mykje brukt. Det har lenge vore som ein drøm for meg å få oppleve skikkeleg båtliv. Difor blir det ekstra kjekt å komme tilbake i august, sa Adrian etter frokostmøtet i Ulsteinvik.

Flyttar til Kulturalmenningen

Frå før er det kjent at det blir New Jordal Swingers som skal underhalde fredag kveld. Det blir også i år kystmarknad, med Bondens marked, og sjølvsagt vil Kaptein Blåtann komme tilbake til Ulsteinvik.

Nytt av året er det at ein flyttar festivalteltet og utstillarane til Kulturalmenningen. Med det håpar arrangørane at trafikkavviklinga blir betre enn i 2013, og håpet er at ein då kjem litt nærmare Amfi og butikkane aust i sentrum. Det blir også betre skjerma mot vêr og vind, ifølgje arrangøren. Det blir også utescene i Blåhuspassasjen.