- Vi har fastslått at munnstykket på trompet og saksofon, importert av AB Pictura, og som har blitt seld i 17. mai-display i Coop Extra og Coop Obs-butikkar mellom 15. april og 11. mai i år, kan ha feil, opplyser Coop om i ei pressemelding via NTB.

Aktuelle testar har nemleg vist at munnstykket på leiketrompeten og leikesaksofonen kan losne, og i verste fall før til kveling.

Coop tilbakekallar difor leikene, og ber kundane som har kjøpt desse levere dei i butikken og få pengane tilbake.

Coop tilbakekallar også leikesaksofonane dei har selt i Extra og Obs-butikkane sine. Foto: Coop.