- Hovudpoenget med denne flyttinga var å få betre plass. Frå  sentralt hald fekk vi ei utfordring om å sjå etter eit større lokale, seier Inge Kaldhol styreleiar for Det Norske Misjonsselskap (NMS) sin butikk i Ulsteinvik, til Vikebladet Vestposten.

Også lokasjonen blir vesentleg betre no, meiner han.

- Dette er noko heilt anna enn når vi heldt til ytst i Kyrkjegata.

God plass

NMS tok i månadsskiftet over lokalet der Cubus låg for nokre år tilbake, i "Cubus-bygget" på Sanden. Inge Kaldhol fortel at fleire har jobba hardt den siste tida med å gjere butikken klar for opning.

- Det har vore to hektiske veker, men no er vi snart i hamn. Dette med å finne eit nytt høveleg lokale har vi gått og tenkt på i eit par år allereie, så det er veldig godt at det no endeleg blir.

Gjenbruksbutikken blir på vel 340 kvadratmeter frå starten av, men når ei verksemd som held hus like ved skal ut om ikkje så lenge, blir dette arealet utvida til 400 kvadratmeter.

- Vi har godt sal her i Ulsteinvik. Det er somme som har lurt på om ikkje det blir mykje dyrare husleige på oss no som vi flyttar. Den blir høgare, men NMS sine gjenbrukskonsulentar ser at for kvar butikk som utvidar, så er det berre eit spørsmål om tid før omsetnaden stig betrakteleg. Dermed har vi igjen for flyttinga.

Får sjå kva pengane går til

Pengane NMS Ulsteinvik tener går til misjonsselskapet sitt internasjonale arbeid innan helse, utdanning og kvinner sine rettigheiter. Mellom anna utviklingsprosjekt i Afrika, Asia og Sør-Amerika får også god nytte av desse pengane.

- Noko av det nye i denne butikken er at vi får opp ein skjerm, med direkteline frå hovudkontoret i Stavanger, der det 24 timar i døgnet blir køyrt informasjonsklipp frå dei ulike prosjekta NMS står for rundt om i verda. Slik får folk sjå kva pengane går til, seier Inge Kaldhol.

Det blir altså opning av den nye gjenbruksbutikken til NMS i Ulsteinvik, torsdag formiddag.