Med ein "smart målar" på plass i heimen treng du ikkje lenger lese av straumforbruket ditt. Måndag signerte alliansen Smart Strøm Nordvest (SSNV), som består av ti nettselskap i Møre og Romsdal, ein kontrakt med Bratseth AS, om bytting av 150.000 straummålarar i fylket.

- I løpet av perioden frå og med 2016 til og med 2018, vil rundt rekna 150.000 målarar bli bytta ut med nye "smarte målarar" i områda til dei ti nettselskapa, står det i ei pressemelding frå Smart Strøm Nordvest.

Les også: No får du ny straummålar

Dei ti nettselskapa som har inngått alliansen er Mørenett AS, Istad Nett AS, Nesset Kraft AS, Nordmøre Energiverk AS, Nordvestnett AS, Rauma Energi AS, Sandøy Energi AS, Stranda Energi AS, Sunndal Energi KF og Sykkylven Energi AS.

Det er norske myndigheiter som har sett eit krav om ny smarte målarar for alle nettkundar innan 1. januar 2019.

Slepp å lese av

I andre kvartal 2016 blir det gjennomført ein pilot i to nettområde, som vil omfatte rundt 1.000 til 2.000 målepunkt. Etter piloten blir det evaluering, før hovudmonteringa tek til i tredje kvartal 2016.

Dei nye målarane vil gjere at straumkundar no slepp å lese av straumforbruk, og at det forbruket som står på fakturaen vil vere eksakt det same som er nytta. Målarane vil også gi straumkundane moglegheiter for styring av forbruket gjennom tilgang til måleverdiar via eit grensesnitt på målarane.