I dag var tredje runde med forhandlingar om kommunesamanslåing av Hareid og Ulstein. Partane diskuterte og vart einige om fleire forskjellige funksjonar. Det som stod att var diskusjonen om kommunesenter. Ulstein stod hardt på sitt forslag med Ulsteinvik som kommunesenter. Det såg lenge mørkt ut. Likevel snudde det og partane kom fram til mogleg løysing.

Det ser no ut til å vere einighet om intensjonsavtalen. Kommunesenteret vert lagt i Ulsteinvik, og namnet på den nye kommune er Hareidlandet kommune. I tillegg skal Hareid sitt kommunevåpen og ordførarkjede nyttast.

I Ulsteinvik skal den strategiske leiinga ligge, i tillegg til Helse og Omsorg og eigedomsselskapet. Hareid fekk helsehuset med funksjonane som inngår der, eit felles NAV-kontor, avdelinga for Plan og utvikling, Teknisk sektor, Kulturavdeling, og Oppvekst.

Det er til slutt kommunestyret som bestemmer. I tillegg skal Hareid ha folkerøysting og Ulstein skal ha opinionsundersøking.

Les meir i papiravisa på torsdag.