Tormod Hegvik (nestleiar, Ulstein Seilforening), Bjørn Dybhavn og Jarle Frøystadvåg (begge frå Ulsteinvik Småbåtlag) inviterte lokalavisa til å kome og ta ein kik på resultatet av det gode arbeidet Stiftelsen Vikholmen har gjort for å ruste opp aktivitetshuset på Vikholmen. Eit hus som blei bygd for over 30 år sidan, og som trengde eit «fjesløft».

– Det er veldig positivt at vi no har fått huset i god stand, seier dei tre.

Stiftelsen Vikholmen, der styret elles består av Knut Petter Dimmen (Sørøyane Røde Kors), Knut Håvard Skeide (Ulstein Seilforening) og leiar Wenche O. Låbakk (Sørøyane Røde Kors), er drive av nettopp Ulstein Seilforening, Ulsteinvik Småbåtlag og Sørøyane Røde Kors.

– Det må nyttast

Stiftinga ønskjer at huset blir nytta av folk knytt til sentrumsområdet i Ulsteinvik.

– Det har verkeleg blitt eit flott og innbydande lokale, og no er det veldig viktig at folk nyttar det, seier Tormod Hegvik, som har hatt mykje av initiativet til opprustinga.

– Her er det ope for lag og organisasjonar, private og forretningsfolk, som ønskjer å leige seg eit flott lokale. Her får du prima utsikt, alle fasilitetar ein treng og ei fin plassering midt i sentrum av Ulsteinvik, seier Jarle Frøystadvåg.

– Vi må nesten ha inntekter for å få det til å gå rundt, seier Hegvik.

– Mange kjenner til dette huset, og det har nok verka til å vere litt «shabby» dei siste åra. Men, no er det gjort mykje innsats for å renovere huset og rette på det inntrykket, og det står fram i dag som svært fint. Storesalen har fått nytt golv, veggane er måla, fleire dører er skifta, toaletta er pussa opp, og kjøkkenet er sett i stand. Det einaste som står att no er å få inn ein ny komfyr, seier Bjørn Dybhavn.

Konfirmasjonar langt fram i tid

Trioen kan mellom anna fortelje at somme selskapstypar allereie er booka mykje av godt fram i tid.

– Vi har faktisk fått bestillingar på leige til konfirmasjonar fram til og med 2022. Det er framleis ledige plassar, men akkurat her går det nok raskt, seier dei.

Huset er no i full bruk etter oppussinga, og styret i stiftinga ønskjer seg fleire leigetakarar framover.

Neste post på programmet blir servering av brennsnut laurdagen under Trebaatfestivalen, i storsalen på aktivitetshuset.