Grunna eit vassleidningsbrot blir det utkopling av vatnet for abonnentar i området rundt Hovsetråsa, Støyleråsa, Støylevegen og Rognahaugen i ettermiddag.

Vatnet blir kopla ut frå 15.00 i ettermiddag, men Jonny Rasmussen i teknisk etat ved Ulstein kommune kan ikkje seie sikkert kor lenge vatnet blir avstengt. Han fortel ein har byrja gravinga og at ein håpar å finne feilen så snart som råd, men at det er vanskeleg å vite før vatnet er avstengt.

Det er sendt ut melding frå kommunen til alle abonnentar som blir råka av vassleidningsbrotet.