Pappa Helge Berstad og mamma Marita Aasen Håheim er begge ivrige på sykkelsetet og har klart å føre interessa for idretten på to hjul vidare til dei ungane i familien.
Det heile byrja med Helge si 40-årskrise. Han var i dårleg form og prøvde å finne noko som fekk han til gløyme at han faktisk trente. Etter nokre smertefulle joggeturar, enda han til slutt opp med å finne fram sykkelen, og då var det ingen veg tilbake.
Alle mann på tur
For tre år sidan fekk alle ungane seg racersyklar og syklinga vart den nye familieaktiviteten.
– Ungane kosar seg og har det veldig kjekt saman på tur, seier Helge Berstad.
Eldst er Eileen som no er 16år gamal, medan Angelica fyller 13år i år og yngstemann Ludvik er 11. Gjennom vinteren har det gått mykje tid og tallause rundar i Ulsteinhallen.
Sjølv om det er kjekt, synest dei det er herleg å kome seg utandørs. Alle tre deltok på Ålesundsrittet for eit par veker sidan. Det å delta i ritt er relativt for alle tre, men alle gjorde det godt og var sjølv nøgde med innsatsen.
Syklinga er ikkje det einaste som opptek dei i fritida. Alle tre er både aktive på sykkelen og på fotballbana. Dei to jentene dansar ballett, i tillegg til at Ludvik og Angelica er med i korps.
I sommarferien var planen å reise anten til Pyreneene eller Alpane, men det ser ut til at det blir sett på vent til neste sommar. Det betyr dermed ikkje at det ikkje skal syklast i ferien, for familien har planar om å køyre nordover med Nordkapp som mål. Syklane skal sjølvsagt vere med på turen.
Vil ha med fleire
Dei vil gjerne få fleire til å ta sykkelen fatt og kanskje kome på ei trening, ettersom miljøet i nærområdet er særs lite. Ungane er samde om at det hadde vore kjekt med nokre Dei håper at folk prøvar seg på sykkelen og legg til at lista er særs låg for å prøve seg på ei trening.
Det er særleg kvinnene det er få av og Marita seier at til dømes spinning er veldig populært blant damene, men dessverre at få prøvar seg utandørs. Dei oppfordrar folk til å prøve seg og trur folk vert overraska over kor kjekt syklinga er.
Ulstein Nordea-ritt sundag
Ulstein Nordea-rittet blir arrangert av Ulstein og omegn Sykkelklubb sundag 22. mai. Sykkelklubben håpar på stort oppmøte, både av syklistar og av publikum langs løypa.
I pressemeldinga skriv sykkelklubben at dei har stort fokus på sikkerheit, og derfor vil ha mange vakter, samt motorsyklar ute i ritt-traseen.