Dermed er kampen over - og Joachim Magnussen si skoring etter 58 minutt vart den einaste i kampen mellom Hødd og Ull/Kisa på Høddvoll søndag kveld. Hødd fekk tre poeng å tygge på utover i veka - og det var det viktigaste i denne omgangen.

Men du verden kor hardt Hødd var pressa av Ull/Kisa i siste del av 2. omgang. Til slutt vann nemleg gjestane sjansestatistikken med 8-5 (etter 2-0 til Hødd i sjansar i 1. omgang) - og dei fleste av dei åtte Ull/Kisa-sjansane var av det store slaget. Men Hødd-keeper Jan Lennart Urke tok alt som kom - og på overtid kunne Shroot ha punktert kampen då han kom åleine med keeper, men missa.

Magnussen si skoring var herleg. Han la inn ein spurt rundt Ull/Kisa-forsvaret og skaut via motsett stolpe og i mål.

Men etter dette var det stort sett stormløp mot Hødd-målet.

Hødd stilte slik frå start:

Jan-Lennart Urke, Christoffer Aasbak, Steffen Moltu, Hugues Wembangomo, Eirik Skaasheim, Karl Joakim Wrele, Fredrik Sjølstad, Didrik Sereba, Joachim Magnussen, Eirik Ulland Andersen, Robin Shroot.

I pausen kom Øystein Vestvatn inn for Aasbak - og eit stykke ut i 2. omg. vart "Ygg" Wembangomo skadd og vart ersatta av Bendik Thorseth.

Hødd ligg fjerde sist på tabellen etter dagens kamp, men på same poengsum som  nr. 12 Raufoss og berre eitt poeng bak Mjøndalen på 11.-plass. I neste runde skal Hødd møte Fredrikstad borte.

Obosliga-runda:

Jerv-Mjøndalen 1-1, Hødd-Ull/Kisa 1-0, Åsane-FFK 3-0, Kongsvinger-Sandnes Ulf 1-2, Ranheim-Strømmen 4-1, Raufoss-Sandefjord 0-2, KFUM Oslo-Levanger 5-0, Bryne-Kristiansund 2-2.

TABELL: Sandefjord 22 - Kristiansund 20 - Levanger 19 - Åsane 17 - Ranheim 15 - Sandnes Ulf 14 - Kongsvinger 13 - Strømmen 13 - KFUM Oslo 12 - Jerv 12 - Mjøndalen 9 - Raufoss 8 - Hødd 8 - Bryne 7 - Ull/Kisa 5 - Fredrikstad 5.