Kjeldsund, NMS og NMS ungdom arrangerer no Camp Kjeldsund. Det er eit nytt konsept og er ein leir for folk i alle aldrar. Dei fleste deltakarane kom torsdag og skal sove her til søndag. Kvar dag er fullpakka med aktivitetar. I dag var det misjonstivoli, med lykkehjul, golf, waterwalker og mykje meir! Elles har dei bibeltimar, syng og et god mat i lag. Det er altså ein god variasjon i aktivitetar og god stemning.

Pengane som vert samla inn i løpet av leiren går til arbeid i Mali med bibeloversettning, lese- og skriveopplæring og misjonsarbeid.

Sjekk ut biletekarusellen og les papirutgåva på torsdag!