I torsdagsavisa skreiv vi at søstrene Petra og Oddlaug Liaste såg tre hjortar på Liaset i Hjørungavåg så tidleg som i 1947.
Bjørn Overå kan føye til at han i ein samtale med Einar Haugen (f. 1901) ein gong fekk vite at han hadde sett ein hjort symje i land i Almestranda i 1944: – Det var ein morgon at Einar tok seg ein tur ned til sjøen. Han stod i naustet og skulle dra ut båten. Det var havblikk. Då såg han noko bevege seg ute på fjorden. Ein hjort var på veg frå Vartdal-sida og steig i land og forsvann inn i skogen. Det var første gongen Einar Haugen hadde observert hjort i Almestranda. Etter å ha vore på sjøen og fiska ei stund for han oppatt i kjøkenet og fortalde om det han hadde sett. Hjorten må ha vore uhyre sjeldsynt den gongen, sidan dette vart oppfatta som ei så spesielt hending, meiner Bjørn Overå.