- Nettleiga for 2009 blir den same som i 2008 så sant dei statlege avgiftene ikkje endrar seg. Dei statlege avgiftene er utanfor Tussa sin kontroll, forklarar Rune Kiperberg, adm. direktør i Tussa Nett. Ny kraft kjem innbyggjarane til gode Ein kombinasjon av auka lokal kraftproduksjon og meir rasjonell drift av kraftnettet er hovudårsaka til den låge nettleiga i Tussa Nett sitt dekningsområde. - Auka lokal produksjon reduserer krafttapet som kjem som følgje av å transportere kraft over store avstandar. Vi får også lågare transportkostnader, utdjupar Kiperberg som meiner dette er eit godt døme på at mellom andre Tussa si satsing på å byggje ut ny kraftproduksjon i området kjem innbyggjarane til gode. Sjeldan straumbrot Kraftnettet til Tussa Nett har ikkje berre låge kostnader men også ei oppetid på 99,99 prosent. Det betyr at husstandane og bedriftene i regionen vår i snitt har mindre enn ein time i året utan elektrisk lys og varme. Pris for eit gjennomsnittshushald Ein hushaldskunde betalar eit årleg fastbeløp på 1 875 kroner, i tillegg til 21,25 øre for kvar kilowattime, til Tussa Nett. For eit hushald med eit årleg forbruk på 20 000 kilowattimar var nettleiga på 6 120 kroner i 2008. Summen inkluderer enøkavgift til Enova, men ikkje avgifta til staten. Den statlege avgifta er for tida på 12, 79 øre for kvar kilowattime.
Nyhende →
Tussa aukar ikkje nettleiga i 2009
I 2008 var Tussa Nett si nettleige den lågaste i Møre og Romsdal. Tussa aukar ikkje nettleiga i 2009.