Breivik startar med å presisere at Røde Kors ikkje er ein kristen organisasjon: – Først vil eg berre seie at Røde Kors ikkje er, og har aldri vore ein kristen organisasjon. Det kan godt vere at sveitsaren Henry Dunant var ein kristen mann, men han starta denne organisasjonen fordi han såg det var behov for ein frivillig, uavhengig og humanitær hjelpeorganisasjon som ikkje gjorde forskjell på folk, uansett nasjonalitet, rase, trusbekjenning, samfunnsklasse eller politisk overbevisning. Det Røde Korset står heller ikkje for kristendom, men er det omvendte av det Sveitsiske flagget (Kvitt kors, med raud bakgrunn), forklarer Breivik.

Norsk ungdom ligg øvst

Vidare fortel han at grunnen til at Røde Kors Ungdom har denne aktiviteten, ikkje berre i Volda, men også i resten av verda, er fordi talet på folk som får kjønnssjukdommar aukar drastisk. – 2008 var rekordåret for hivsmitte og klamydia i Noreg. Tru det eller ei, men norsk ungdom er verdsmeistrar i ubeskytta sex, og dei fleste som blir smitta er mellom 15 og 24 år, skriv Breivik sitt lesarinnlegg. – Røde Kors Ungdom arbeidar for å få ned smittetala, og kvart år snakkar vi med mange tusen ungdommar om deira seksuelle helse og lærar dei riktig kondombruk. Vi har mange erfarne og kunnskapsrike frivillige, og gode metodar for å formidle bodskapen vår, understrekar Breivik.

Ungdom snakkar best med ungdom

Gjennom Aktivt val oppfordrar dei kvar enkelt til å ta eit aktivt val i forhold til seksuell helse. – Vi meinar ungdom snakkar best med ungdom, derfor brukar vi rollespel, leikar, kondomdemonstrasjonar og opne diskusjonar for å formidle kunnskap om hiv/aids og andre seksuelt overførbare infeksjonar (SOI). Vi har eit godt samarbeid med helsedirektoratet, som gir oss midlar til å dele ut gratis kondomar, anna materiell og å kurse våre frivillige, fortel Breivik.

– Alt for lite fokus i skulen

Breivik fortel at standen deira på Volda Vidaregåande skule var ein stor suksess. – Vi fekk gode tilbakemeldingar frå dei som deltok, og fleire synest det er alt for dårleg informasjon om slikt i skulen i dag, skriv Espen André Breivik i sitt innlegg.