I rundt femten år har butikken i Kyrkjegata vore ein del av bybiletet i Ulsteinvik, men snart er butikken historie. Hege Beate Stornes, dotter av Karl Stornes, fortel at dei berre vil ha butikken open ut mai, til dei har fått seld unna det meste av varene. Det er ingen annan grunn til at butikken blir avvikla enn sjukdom. – Det er synd, for her er mykje ingen andre butikkar har, seier ho til Vikebladet Vestposten.
Nyhende →
Snart slutt for K. Stornes Import og Handel
Grunna sjukdom blir butikken avvikla om kort tid.