Den økonomiske krisa har ført til at fiskeeksportørar landet over ikkje får selt fisken, og fryseria fyller seg opp. Men Vartdalsflåten unngår dei verste problema som har oppstått den siste tida. Fabrikktrålarane deira produserer nemleg filet og ikkje "rundfisk" av torsk og hyse, som vert sterkast ramma av krisa. – Vi er mykje nærmare marknaden, og sel direkte til grossistar i England og Tyskland. Problemet er prisane, som i løpet av hausten har kome ned på 2005-nivå, seier Øyvind Sandvik til Møre- Nytt. Trass i krisetider hindrar det ikkje reiar i Granit AS, Knut Grønnevet, i å satse. I løpet av i år og 2009 fornyar han fabrikktrålaren Granit4 for førti millionar kroner.