Motorsyklisten vart frakta til sjukehus i luftambulanse. Det var ikkje andre personar eller køyrety innblanda i ulykka. Ein trudde først at 24-åringen hadde kome frå Hareid-sida og trefte autovernet i høgre vegkant. I ettertid viser det seg at han kom oppover frå Strandkrysset - og at han på ein eller annan måte hadde mista kontrollen. Motorsykkelen har treft eit skilt utanfor på høgresida av vegen. 24-åringen vart kasta over mot den venstre sida av vegen, medan motorsykkelen vart liggande ovanfor grøfta på den høgre sida. Politisentralen i Ålesund melder at 24-åringen hadde lettare hovudskadar, brystskadar og brotskadar i kroppen. Men desse skal ikkje vere livstrugande. Motorsyklisten var godt utstyrt, og dette har truleg redda han frå ein meir alvorleg utgang av ulykka.
Nyhende →
Hardt skadd, men ikkje livstrugande, etter motorsykkelulykke i Saunesmarka
Ein 24 år gamal motorsyklist frå Hareid kommune er hardt, men ikkje livstrugande, skadd etter ei ulykke på riksvegen forbi Saunesmarka i Ulsteinvik laurdag om lag klokka 13.00.