Advokat Kenneth Mikkelsen representerer Arctic Picture i rettssaka i Møre og Romsdal tingrett.

I si innleiing starta han med å rose advokaten til Sameiget Polarstar, Ane Dahlen, for hennar gjennomgang av saka. På vegne av sin klient, leiar i sameiget og Polarstar-eigar Willy Nesset, krev ho rundt 2,5 millionar kroner frå Arctic Picture.

Leigeavtalen mellom sameiget og Tromsøfirmaet vart inngått i februar 2019, og målet var at ishavsskuta frå Brandal skulle gå i turisttrafikk i Nord-Noreg. Avtalen skulle vare til våren 2022. Men i september 2020 heva sameiget Polarstar avtalen, og litt seinare i 2020 valde Willy Nesset å hente båten heim til Hareid.

Advokaten til sameiget, Ane Dahlen, seier årsaka var det dei meiner var misleghald av kontrakten.

- Det gjaldt mellom anna manglande betaling av leige og brot på forsikringsplikta, sa Dahlen.

- Men den raude tråden her er vel ikkje dei økonomiske krava, men at leigetakar meiner at utleigar har gitt informasjon som ikkje var rett. Dette førte til ekstrakostnader for min klient, sa Kenneth Mikkelsen- og viste også til at koronapandemien frå våren 2020 også gjorde situasjonen vanskeleg for den saksøkte.

Advokat Kenneth Mikkelsen sa også at ishavsskuta Polarstar har sine klare avgrensingar, sidan den er eit verna kulturminne. Han hevda eigaren ikkje har vore ryddig og presis i sin informasjon då Polarstar skulle leigast ut.

- Frå eigar har det heile tida vore kommunisert at Polarstar har løyve til heilårsdrift. Men fartsløyvet viser at det berre gjaldt drift i sommarhalvåret, sa Mikkelesen.

Han viste også til at det var fleire manglar ved båten, mellom anna var ikkje brannsløkkingsapparata godkjende, livredningsflåtane kunne ikkje betjenast manuelt, passasjersertifikatet mangla og bemanningsplanen var frå 1990. På eit tidspunkt oppstod det også lekkasje på ein sylinder, det var problem med autopiloten og sjøfartsstyresmaktene gav nitten pålegg etter å ha vore på inspeksjon våren 2020. Mikkelsen lurte i tillegg på om det var nødvendig å sende ni mann til Tromsø for å hente skuta heim.

- Det hadde vel vore nok med tre personar, sa han.

foto
Rettssaka mellom Sameiget Polarstar og Arctic Picture går i Møre og Romsdal tingrett i Volda. Foto: Linda Eikrem

Kenneth Mikkelsen la også vekt på at koronapandemien, som førte til at Noreg vart nedstengt i mars 2020, førte til at det vart vanskeleg for klienten hans å drive verksemd som retta seg mot turistar.

Begge partar har brukt starten av rettssaka til å legge fram dokument og omfattande korrespondanse for å underbygge sitt syn i saka. Medan Sameiget Polarstar krev rundt 2,5 millionar kroner, krev Arctic Picture at dei blir frifunne.

Leiar i sameiget og Polarstar-eigar Willy Nesset skal forklare seg for tingretten seinare i dag, onsdag.

Vikebladet Vestposten følgjer rettssaka, og vil kome med fleire oppdateringar.