– Kartlegginga er gjort gjennom synfaringar og omfattar også droneinnmåling. Det gir oss ei oversikt over behov for vedlikehaldet slik at vi kan leggje ein langsiktig plan for vedlikehald og dessutan leggje innsatsen til dei mest prekære behova først, seier Jostein Bøhlerengen Moe, avdelingsleiar for utbygging i Kystverket, i ei pressemelding.

Dei 400 statlege fiskerihamnene som no blir tilstandssjekka av Kystverket omfattar totalt 656 moloar og 241 kaiar.

– Ved utgangen av 2023 var vi ferdige med tilstandskartlegging av 55 prosent av fiskerihamnene. Dei resterande 177 hamnene med 327 moloar og 133 kaiar ligg i Vestland, Møre og Romsdal og Trøndelag fylke. Planen er å bli ferdig med tilstandskartlegginga i det inneverande året, opplyser Moe.

(©NPK)