Heim til Hareid: Ingvil Øyehol har budd vekke frå Hareid i nesten 23 år, men no vender ho tilbake til heimbygda. Den erfarne trenaren og dommaren i turn har alt meldt seg som frivillig trenar i turngruppa til Hareid IL – og var blant dei som har bidrege for å få på plass den nye basishallen til idrettslaget, som ho her står i. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

– Turn er ein stor del av livet mitt

Den tidlegare turndommaren og trenaren for landslagsutøvarar, Ingvil Øyehol, er ein av fleire som har vore sentral i arbeidet med den nye basishallen på Hareid. No flyttar ho heim etter snart 23 år i Oslo og Asker.