Laurdag føremiddag vart "Rem Leader" døypt ved Kleven verft. Fleire hundre tok turen for å sjå dåpen.

Hasund og Dimnøy skulekorps spelte opp. Administrerande direktør (eller gitarist og adm. dir. "på si" som han sjølv sa) Ståle Rasmussen orienterte om den nye båten.

- Vi er stolte av å ha bygd og levert ein så fantastisk båt til Rem. Eg vil takke reiarlaget for tilliten for å få levere eit så avansert farty. Denne er av ypperste kvalitet, og er også miljøvennleg, forklarte Rasmussen.

Kjersti Kleven fekk æra av å smelle champagne-flaska i båten.