Fylkesdirektør Stein Veland i Nav melder at om at arbeidsløysa i fylket har blitt redusert med 178 personar siste månaden. Det er omtrent som forventa for årstida og på linje med utviklinga i resten av landet.

Det siste året er reduksjonen på 456 i fylket, ein nedgang på 11,7 prosent.

Arbeidsløysa for dei under 30 år har utvikla seg omtrent likt som for dei andre aldersgruppene.

– Blant dei ulike yrkesgruppene er det mest nedgang blant ingeniørar og innan IKT-fag med ein reduksjon på 33 prosent. Deretter følgjer arbeidslause med yrke innan industriarbeid samt bygg og anlegg med ein reduksjon på høvesvis 27 og 26 prosent. Innan desse hovudyrkesgruppene ser me at det har vore størst reduksjon blant røyrleggarar med ein nedgang i arbeidsløysa på 64 prosent, seier Veland.

Arbeidsløysa i Møre og Romsdal er no på 2,5 prosent. Landssnittet er på 2,4 prosent.

Hareid

Hareid har den høgste arbeidsløysa i fylket med 5,4 prosent. Den siste månaden har det blitt to færre ledige. Det er 71 ledige menn og 69 ledige kvinner.

Ulstein

Ulstein har den nest høgaste arbeidsløysa i fylket med 4,7 prosent. Den siste månaden har det blitt 26 fleire ledige. 130 menn og 83 kvinner står registrerte som arbeidsledige.

Herøy

Herøy har den tredje høgste arbeidsløysa i fylket med 4,2 prosent. Dei har 109 ledige menn og 84 ledige kvinner. Den siste månaden har dei fått 33 færre ledige.

Sande

Sande har ei arbeidsløysa på 3 prosent. Den siste månaden har det blitt 4 færre ledige. Her er det 22 ledige menn og 18 ledige kvinner.