Klippfisk er velsmakande og verkeleg nydeleg på grillen, den er også enklare å få godt til på grillen enn anna fisk sidan den er fast i fiskekjøtet.

Når ein skal bruke klippfisk er det viktig å planlegge måltidet. Klippfisk er veldig salt så den må vatnast ut i minst eit døgn før bruk, og ein bør skifte vatn i alle fall to gongar. For å spare tid kan ein også få kjøpt ferdigutvatna klippfisk i butikken, denne er klar for varmebehandling med ein gong.

For perfekt grilling er det viktig å sørge for å ha ei varm sone og ei litt kaldare sone på grillen, slik at du får bytta mellom direkte og indirekte varme. Dei ferdig grilla fiskestykka skal penslast med marinade og bør ligge å kvile på den indirekte varmen før servering.

Grilla klippfisk saman med knasande sprø brokkolisalat med søte rosiner og nøtteaktige pinjekjernar blanda i syrleg creme fraiche gjer at du får mange gode smakar i munnen; salt, søtt og surt. Saman med nypoteter på grillspyd kjem smakslaukane til å fryde seg!

INGREDIENSAR

  • 800 g utvatna klippfisk utan skinn

MARINADE

  • 7–8 skiver raud chili

  • ½ stk. sitron

  • 4 ss olivenolje

  • ½ ss sesamolje

SALAT

  • 1 stk. brokkoli

  • 1 stk. raudlauk

  • 2 dl rosiner

  • 100 g rista pinjekjernar

  • 3 dl creme fraiche

  • 1 ss honning

  • 2 ss kvitvinseddik

  • salt og pepar

TILBEHØYR

  • nypotet

  • grillspyd

  • olivenolje

FRAMGANGSMÅTE

Varm grillen. Legg klippfisk på grillen og grill den eine sida 3–4 minutt på sterk varme. Pensle sida som vender opp med marinaden og la fisken ligge på indirekte varme i 4–5 minutt, til det piplar veske frå sida og fileten startar å flake seg.

MARINADE

Finhakk chili, riv skalet og press safta av sitronen. Bland chili, sitronskal- og saft, olivenolje og sesamolje godt saman.

SALAT

Del brokkoli i små bukettar og finhakk raudlauk. Bland brokkoli, raudlauk, rista pinjekjernar og rosiner saman i ei stor skål. Lag ein dressing av å blande saman creme fraiche, honning og kvitvinseddik. Vend dressingen i salaten, og smak til med salt og pepar.

TILBEHØYR

Kok nypotet møre med skalet på i lettsalta vatn i 15–20 minutt. Tre dei på eit grillspyd og pensle med litt olivenolje. Grill potetspyda raskt på grillen slik at dei får ein liten grillsmak.

Tips: Start med marinaden, slik at den er klar til pensling når fisken skal grillast.

OM SPALTISTEN: Kari Ryslett arbeider med Matkultur- og helse ved Høgskulen i Volda. Ho har brei erfaring gjennom yrke- og arbeidsliv med mat, helse og opplæring frå ulike perspektiv. I Vikebladet Vestposten vil ho dele sine beste sjømatoppskrifter med lesarane og ho håper dette kan vere til inspirasjon til å velje å ete meir fisk og sjømat både til kvardags og i helga. Foto: Privat