Mot Folkeliste-representantane Kristian Fuglseth og Hallgeir Teigene sine to stemmer gjekk Hareid kommunestyre i siste møte inn for å løyve 200.000 kroner til valdssikring av Hareid rådhus. Bakgrunnen var det rådmannen kalla «eskalering av valdsepisodar mot tilsette i rådhuset».

– Mange er engstelege, sa rådmannen, – og det bør ikkje bli verre.

På spørsmål frå Fuglseth om kva tryggingstiltaka skulle gå ut på, sa rådmannen at dei ville etablere ei sikrare skranke og vurdere andre låsetiltak. Eventuelle rømingsvegar for dei tilsette ville også bli vrudert.

– Men vi har ikkje planar om å gjere om rådhuset til ei festning, sa rådmannen.

– Berre gi tilsette høve til å beskytte seg, la han til.