Maria Sandsmark vart rørt då leiar Aud Marit Wiigg under opninga av kunstutstillinga på Vikholmen i dag, fortalde kunstnaren at ho hadde høyrt folk som samanlikna bileta hennar med van Gogh.

- Kanskje har dei rett. Det er noko med dei intense fargane og den breie penselføringa som liknar. Men Maria Sandsmark sine bilete utstrålar ein varme og ei ro som vi ikkje finn så ofte i bileta til van Gogh, la Wigg til.

Maria Sandsmark (45) har doktorgrad i samfunnsøknomi, og har eit års permisjon frå jobben sin ved Møreforsking i Molde. Draumen hennar er å kunne leve av kunsten.

- Eg vart heilt rørt då eg vart samanlikna med van Gogh. Då eg gjekk på mitt første malekurs i Oslo for ti år sidan var ei av oppgåvene å kopiere ein kjend kunstnar. Eg valde van Gogh, først og fremst fordi eg likte han så godt, fortel ho.

Med på utstillinga er 26 oljemaleri på lerret, og prisane varierer frå 1500 til 12000 kroner. Dei fleste motiva er henta frå kynstkulturen. Båtar, naust som varmar seg i kveldssola og fiskarar.

Men der er også motiv med titlar som "Jonsoknatt", "Akt i dialog" og på "Handletur".

Felles for dei fleste bileta er at dei er måla med breie strøk, men har likevel i seg mange detaljar.

Kunstnaren er fødd og oppvaksen på Geilo, men meiner ho i dag ikkje kan bu andre plassar enn ved kysten.

Dei som kjem for å sjå utstillinga, vil sjå at ho har ein kjærleik til sjøen.

Sidan utstillinga har flest maritime motiv, og er ein del av Trebåtfestivalen, hadde kunstlaget hyra inn musikarar som kunne setje dei frammøtte i maritim stemning. Søskena Joakim (trekkspel) og Mathilde Nygård Jørge (fele) og mor Linda Nygård (trekkspel) baud på både norsk og finsk folkemusikk og ein "Fjordavals".

Utstillinga er open til og med komande søndag.