Arbeidarpartia i Ulstein og Hareid treng ikkje vere redde for framtida. Onsdag hadde Hareidlandet AUF kickoff, og fem ungdomar utgjer no styret i Arbeidarpartiet sitt lokale ungdomsparti.
Det nye, førebelse styret i Hareidlandet AUF og representantar frå Møre og Romsdal AUF sitt fylkesstyre. Frå venstre: Martin Ingjerd (nestleiar), Silja Øvrelid (leiar), Astrid Breivik (økonomiansvarleg), Vegard Flo (fylkesstyret), Fredrik Holen (fylkesstyret), Line Hoem (fylkesstyret), Frank Holseker Myklebust (styremedlem), Bror Magnus Tødenes, Martin Velsvik, Elfrida Breivik (sekretær) og Stian Runne Brandal (leiar i Hareid Arbeidarparti).