Nærings- og miljøutvalet i Hareid stadfesta i ekstramøtet tysdag at “Skolma hjortevald” ikkje får godkjenning til den komande hjortejakta.

Vedtaket vart gjort med stemmetalet 6-1, der Jan Arild Bjåstad frå Folkelista var den einaste som stemte mot tilrådinga.

Ettersom utvalsleiar Annika Brandal (V) var inhabil i saka, var det nestleiar Siv-Marit Røyset Kaldhol (AP) som styrte møtet. Ho konstaterer at vedtaket inneber at det ikkje blir hjortejakt i Brandal i 2013. - Så langt vi kan sjå var dette siste sjanse for å få i orden jaktløyve der ute, seier ho i ein kommentar til lokalavisa, men legg til at ho ikkje kan seie noko om kor vidt det “går fleire tog dersom merknadene i avslaget blir stetta”.

I følgje møteleiaren vart vedtaket gjort etter om lag ein og ein halv times debatt. Ho meiner at representantane denne gongen var godt førebudde og hadde sett seg grundig inn i saka. (Samla saksmengde var på 134 sider).