Politiet øver på beredskapen. Tysdag rykte uniformert politi ut til eit bustadhus i Sundgot for å ta hand om ein ustabil person. For folk i nabolaget såg opptrinnet dramatisk ut, men det synte seg at det berre var ei øving.

Operasjonssentralen i Ålesund forklarer at dette dreide seg om ei uvarsla beredskapstrening.