Messa er etter ein gamal tradisjon frå Middelalderen, ein tradisjon som fungerande sokneprest i Hareid, Kristian Myklebust, har teke med seg frå Ørsta og som vart gjennomført her hos oss for første gong i fjor.

Under denne samlinga, som er første del av oppstodefeiringa, går kyrkjeromet bokstavleg tala frå mørke til lys.

Margit Lovise Holte og Leidulv Grimstad er prestar, medan ”Påskekoret” syng. Deltakarane kjem til ei mørklagd kyrkje – og får utdelt kvar sitt lys, som blir tendt, slik at dei kan feire gudsteneste med levande lys i hendene.

Messa startar med den gamle påskelovsongen ”Exultet”.

Til slutt går kyrkjelyden ut på gravplassen og syng ”Ljos over grav”.

Stor aktivitet i påska

I begge kyrkjene har det vore stor aktivitet i fastetida og gudstenestemarkeringar Palmesøndag, Skjærtorsdag og Langfredag.

Og sjølvsagt blir det også gudsteneste-feiring til vanleg tid søndag 1. påskedag.

Etter tradisjonen er 1. påskedag ein dag med mange dåpsborn i kyrkjene. I Ulstein er Leidulv Grimstad liturg, medan Kristian Myklebust er liturg på Hareid.