Tysdag vart det klart at Norges Bank har valt design for den nye hundrelappen. Åtte deltakarar var plukka ut til finalerunden.

Norges Bank vil arbeide vidare med ein kombinasjon av to innleverte forslag. Framsida på setlane vil bli utvikla med utgangspunkt i forslaget frå The Metric System, Det norske livsrommet. Utgangspunktet for baksidene vil vere pikselmotiva levert inn frå Snøhetta Design, Grensenes skjønnhet.

På framsida blir linjene trekt frå vikingtida og deira skip, og heilt inn i den moderne skipsbygginga, representert av den ikoniske X-Bow’en frå Ulstein.

Les også: X-Bowen prydar neste hundrelapp

Skilde seg ut

– Det er kjempeartig. Vi visste at tre av dei åtte forslaga var inspirerte av X-Bowen, men vi vart overraska og kjempeglade då vi såg at det blei eit av forslaga med X-Bow. Det seier kommunikasjonssjef i Ulstein Group, Lene Trude Solheim.

Ho meiner det er to aspekt som har ført til at X-Bowen no skal pryde dei nye hundrelappane.

– Det eine er innovasjonen, bragda den var og nyskapinga X-Bow stod for. Det er kjempestas både for oss og for den maritime næringa. I tillegg så trur eg det har med den langsiktige merkevarebygginga, og det grundige arbeidet som er lagt ned over tid.

Solheim fortel at Ulstein får svært mange førespurnader, og at interessa for konsernet er svært stor, men at akkurat desse førespurnadene skilde seg klart ut.

Hundrelapp og 100 år

– Det blir noko heilt anna, heilt på sida av dei førespurnadene vi vanlegvis får. Ein får ei ærbødig stoltheit. Dette er noko alle dei tilsette i Ulstein kan ta del i, både gjennom innovasjon, kvalitet og utviklinga av selskapet, seier Solheim.

Ho legg til at det ikkje berre er designarane, men også dei som byggjer skipa, samt dei som kjøper og driftar fartøya som har sin del.

– Det er jo snart selt 100 skip med X-Bow.

Den nye hundrelappen skal lanserast i 2017, og det passar godt for Ulstein Group.

– Då er Ulstein 100 år, så då må vi finne på noko kjekt, slår Lene Trude Solheim fast.

Lene Trude Solheim fortel at Ulstein Group synest det er kjempestas at den nye hundrelappen har X-Bow som del av motivet.