For tredje år på rad har det denne veka vore sommarskule for born av Ulstein-tilsette.

I år deltok 26 jenter og gutar som til hausten skal byrje i 5. og 6.-klasse. Dei har halde til i Expo-senteret, og temaet har vore «Stjernestøv, elektrisk magi og den usynlige verden». Kurset vert arrangert i samarbeid med Forskerfabrikken, som vart grunnlagt i 2002 av biokjemikar Hanne Finstad med eit mål om å motivere unge til å få augene opp for real- og teknologifag, og at forsking på fritida skal verte like naturleg for borna som andre fritidsaktivitetar.

Borna får gjennom kursa lære korleis vitskap og teknologi påverkar menneske, samfunn og naturen. Deltakarane får bruke sansane sine og diskutere i fellesskap, noko som gjer læring gøy.

Kvar dag utfører borna eksperiment, brukar ordentleg forskarutstyr, får ha på labfrakk og vernebriller, og gå på ekskursjonar. I løpet av veka har borna blant anna jakta på mikrometeorittar, dyrka bakteriar, utforska elektrisitet og laga ballongrakettar.

Dei som deltek på Ulstein sin skule får i tillegg bygge båt, noko som ikkje vert gjort ved Forskerfabrikken sine andre sommarskular, og på avslutningsdagen fredag vart desse båtane sjøsette på Osnessanden.

- Samarbeidet har mange solsider. Borna tileignar seg mykje spennande kunnskap, og byggjer stoltheit og kompetanse på ein morosam og interessant måte. Det er veldig sosialt og ungane vert godt inkluderte i alt som skjer. Dei får mange nye vener og kosar seg frå start til slutt. Det er også fint at borna har noko å vere med på, sidan mange foreldre enno ikkje har starta på ferie. I tillegg er det fint at vi foreldre kan få vise fram arbeidsplassen vår, seier Bente Andreassen Pilskog, som er mor til ei av jentene som deltek.

- At Ulstein arrangerer dette gjer at borna tidleg kan få innsikt og interesse i realfag og den maritime bransjen. Den langsiktige rekrutteringa er viktig, og slike tiltak spelar ei stor rolle i å skape merksemd og interesse rundt denne næringa, meiner ho.