Komande fredag 20. november har NVE kalla inn til ei synfaring i Snipsøyrvatnet. Bakgrunnen er innspel om at den fastsette maksimumsvasstanden etter «Kaldhol-saka» blir overstige med 40 cm.

Ikkje regulert som før

Det er hytte- og nausteigar Harald Teigene som har slått alarm. Han har vore i telefonsamtale før, og skriv no i eit brev at vatnet varierer svært mykje i vår- og haustsesongen. Grunnen er at det ikkje blir regulert slik som før. Eit betongelement i overløpet skal vere forklaringa.

Teigene skriv at det vart foreteke GPS-målingar av vass-speilet i den tørre, varme perioden i fjor sommar, og at desse målingane viste 40 cm over fastsett nivå i «Kalhol-saka».

Vasstanden skaper problem for ankomst til naust. I periodar står vatnet ein halv meter opp på naustveggen – og fjøra langs vatnet er ikkje gangbar slik vatnet no er regulert, skriv Teigene.