Eit samrøystes formannskap var einige om å ikkje anke dommen i mobbesaka. Det vedtok Ulstein formannskap i dag bak lukka dører. Møtet vart lukka med heimel i paragraf 18 og 14 i offentleglova (interne vurderingar).

– Kommunen beklagar at Glen Børge Flø vart mobba og hadde vonde opplevingar i skulekvardagen, utan at kommunen lukkast i å stanse det, seier Knut Erik Engh, ordførar i Ulstein kommune, i ei pressemelding frå kommunen.

– Vi aksepterer domen og at retten slår fast at Flø vart mobba gjennom grunnskulen, seier Engh.

Les også: Ulstein kommune er dømt igjen

- Domen gjer oss meir bevisste

I Frostating lagmannsrett vart kommunen dømd til å betale personerstatning, sakskostnader og utgifter til sakkyndig vurdering. Retten slår fast at kommunen kan bebreidast for at ein ikkje gjorde nok for å stanse mobbinga.

– Til trass for at skulen sette inn ein rekke tiltak for å betre på situasjonen, er retten tydeleg på at det ikkje var tilstrekkeleg, og at mobbinga ikkje slutta som følgje av tiltaka. Rettssaka og domen gjer oss difor endå meir bevisste på kor avgjerande det er å førebygge, avdekke og stanse mobbing. Alle elevar har krav på ein trygg og god skulekvardag, seier Engh.

Kommunen anka tidlegare i år domen frå tingretten for å få deler av saka grundigare vurdert. Anken til lagmannsretten førte delvis fram når det gjeld spørsmålet om årsakssamanheng og utmåling av erstatning.

Vedtaket om å ikkje anke domen frå lagmannsretten, er i tråd med tilrådinga frå rådmannen i Ulstein, skriv Ulstein kommune i pressemeldinga.